Home » Ivar Kolve trio

Ivar Kolve trio

ivar-kolve-2Ivar Kolve trio er ute med sin tredje CD.
Etter dei kritikarrosa platene ”Ope”(1998 NOR CD) og ”Innover”  (2005 Curling Legs),
lanserer trioen i 2008 plata ”View from my room” på Curling Legs.

Besettninga er som på dei to fyrste platene:

Sébastien Dubé : Bass
Stein Inge Brækhus : Trommer & perkusjon
Ivar Kolve : Vibrafon & marimba

Denne dynamiske trioen representerar noko av den store breidda i jazz-noreg idag.
Eit spesielt lydbilete og ein signatur som ein ikkje finn i mange andre band, korkje i Noreg eller Europa forøvrig.

Den spesielle bandsignaturen,  kan kanskje sporast gjennom dei mange ulike musikksjangrane som musikarane tidlegare har arbeidd med, som t.d samtidsmusikk, folkemusikk,klassisk, etnisk, elektronisk, rock, funk,jazz etc.
Musikken  kan likevel  best  karakteriserast som samtidsjazz.

Lydbilete er i utgangspunktet  akustisk, men på denne produksjonen flørtar trioen også med synth´ar og loop´ar på nokre spor.  Instrumentariet/ lydbiletet  varierer  ifrå duettformat (marimba og vibrafon), til t.d ”Reel” med perkusjon, marimba, vibrafon, synth, loop, trommer, strykebass og  kontrabass.

Alle åtte komposisjonane er komponert  av Ivar Kolve og han spelar også alle instrumentene på to av dei åtte spora. Seks av i alt åtte spor  er spelt inn i Breakhouse studio i  Os ved Bergen, med Stein Inge Brækhus bak spakane.
Dei to resterande er innspelt i Køllerommet på USF Verftet i Bergen  av Ivar Kolve.

CD´en er miksa hjå Fersk Lyd i Oslo av Giert Claussen.

Trioen var på turne i Noreg i okt./nov. 2007 og spelte 9 konsertar får Brønnøysund i nord til m.a.Trondheim, Oslo og Bergen.
Neste turne vert i april der dei spelar m.a i Arendal.